Personvernerklæring
Sist oppdatert: 4 oktober 2026
Denne personvernerklæringa forklarer korleis Aktiv med Hauge ENK samlar inn, brukar, lagrar og behandlar personopplysningar når du besøker isabellhauge.no, tek kontakt med meg eller nyttar tenestene mine innan personleg trening og kosthaldsrettleiing.
Behandlingsansvarleg
Aktiv med Hauge ENK er behandlingsansvarlig for personopplysningene som blir behandla i samband med tenestene mine.
Aktiv med Hauge
Org.nr.: 935 486 602
E-post: pt@isabellhauge.no
Nettside: isabellhauge.no
Kva personopplysningar kan eg samle inn?
Kva opplysningar som blir behandla, avheng av kva teneste du nyttar. Dette kan mellom anna vere:
namn og kontaktopplysningar
opplysningar knytte til avtale og betaling
mål og treningshistorikk
kosthald og kosthaldsvanar
aktivitetsnivå og trening
vekt, kroppsmål og andre relevante målingar
framgang og innsjekkingar
bilete du sjølv vel å dele
kommunikasjon mellom deg og meg
For å kunne gje deg trykk og individuelt tilpassa oppfølging kan det også vere nødvendig at du opplyser om relevante skadar, sjukdommar, allergier, medisinar eller andre helseforhold
Kvifor behandlar eg opplysningane?
Opplysningane blir behandla for å kunne:
levere tenesta du har bestilt
lage og tilpasse trenings- og/eller kosthaldsopplegg
følgje opp utvikling og framgang
kommunisere med deg som kunde
administrere avtalar og betaling
oppfylle lovpålagde krav
Eg skal ikkje samle inn fleire personopplysningar enn det som er nødvendig for formålet.
Helseopplysningar
Enkelte opplysningar du gir meg kan vere helseopplysningas og har eit særleg vern etter personvernregelverket.
Når behandling av slike opplysningar krev samtykke, vil eg innhente eit uttrykkeleg samtykke frå deg.
Du kan trekkje tilbake samtykket ditt.
Zenfit
Eg nyttar Zenfit som digital plattform for kundeoppfølging
Gjennom Zenfit kan du mellom anna registrere og dele informasjon om trening, kosthald, aktivitet, mål, framgang, kroppsmål, bilete og andre opplysningar som er relevante for oppfølginga di.
Opplysningane blir berre brukte i den grad det er nødvendig for å levere og følgje opp tenesta.
Betaling og Stripe
Betaling for tenestene kan bli behandla gjennom Stripe i samband med Zenfit.
Nødvendige betalingsopplysningar blir då behandla av betalingsleverandøren. Eg får ikkje nødvendigvis tilgang til alle betalingsopplysningane du registrerer hos betalingsleverandør.
Andre leverandører
Eg kan bruke eksterne leverandører for å kunne drive verksemda og levere tenestene mine, til dømes løysingar for nettside, kundeoppfølging, betaling og rekneskap.
Leverandørane skal berre få tilgang til personopplysningar når dette er nødvendig for tenesta dei leverer.
Kor lenge blir opplysningane lagra?
Personopplysningar blir ikkje lagra lenger enn det som er nødvendig for formålet dei blei samla inn for, eller så lenge eg er lovpålagd å oppbevare dei.
Når opplysningane ikkje lenger er nødvendige, blir dei sletta.
Bilete, kundeomtale og kundehistorie
Eg publiserer ikkje bilete, før- og etterbilete, kundeomtalar eller andre personopplysningar om deg på nettsida eller i sosiale medie utan eit eigna behandlingsgrunnlag.
Når publisering er basert på samtykke, blir samtykke innhenta særskilt.
Dine rettar
Du har etter personvernregelverket mellom anna rett til å be om:
- innsyn i personopplysningene eg har om deg
- retting av feilaktige opplysningar
- sletting av opplysningar når vilkåra for dette er oppfylte
- avgrensing av behandling
- dataportabilitet når dette er aktuelt
- å protestere mot enkelte typar behandling
Dersom behandlinga er basert på samtykke, kan du trekkje samtykke tilbake.
Dersom du meinar at personopplysningene dine blir behandla i strid med personvernregelverket, har du også rett til å klage til datatilsynet.
Kontakt
Har du spørsmål om korleis personopplysningene dine blir behandla, eller ønskjer å nytte deg av rettane dine, kan du kontakte:
Aktiv med Hauge ENK
E-post: pt@isabellhauge.no