Isabell Hauge
Eg hjelper deg med å finne gode vanar innan kosthald, trening og kvardagsaktivitet. Med personleg oppfølging og små, realistiske steg jobbar vi saman mot måla dine.

Min historie
Eg kjem opphavleg frå Bremanger, men har busett meg på Årdalstangen. Interessen min for trening, kosthald og helse har utvikla seg over tid, og i dag brenn for å hjelpe folk med å finne gode vanar innan kosthald og aktivitet som fungerar i kvardagen.
For meg handlar ein sunn livsstil ikkje om å vere perfekt. Eg trur på små, realistiske endringar, mat ein trivst med og aktivitet som gir mestring og glede - og som ein kan halde fram med over tid.
Ved sidan av arbeidet med kosthald og trening jobbar eg som laboratorietekniker offshore, med to veker på jobb og fire veker fri. Eg kjenner derfor godt til korleis skiftarbeid, travle periodar og ein varierande kvardag kan påverke både trening og kosthald.
Målet mitt er å hjelpe deg med å finne ei løysing som passar inn i ditt liv - ikkje å få livet ditt til å passe inn i ein plan.

Slik jobbar eg
Eg tek utgangspunkt i måla dine og korleis kvardagen din ser ut. Saman finn vi gode grep innan kosthald og trening som passar deg, med personleg oppfølging og justeringar undervegs. Du kan få hjelp med kostholdet, treninga eller ein kombinasjon av begge deler.

Fagleg kompetanse og erfaring
Eg er utdanna personleg trenar gjennom AFPT, er under vidareutdanning som Rehab Trainer, og jobbar aktivt som spinning- og gruppetimetrenar i Trimhåla og offshore. Med fagleg fordjuping innan trening og kosthald hjelper eg deg trygt mot måla dine – anten du ønskjer å bli sterkare eller redusere vondter og plager.