Erfaring frå kundane mine
Her kan du lese korleis kundane mine har opplevd oppfølginga innan kosthald, trening og kvardagsaktivitet. Dei fortel om endringane dei har gjort, resultata dei har oppnådd og kva dette har betydd i kvardagen deira.
«Eg var først skeptisk til å starte med ein kosthaldsplan, men mannen min og eg valde å starte saman. Med tilpassa planar, gåturar og litt styrketrening har eg no mykje meir energi, betre form og mindre leddsmerter. I tillegg meistrar eg rørsler eg ikkje fekk til før!»
Johanne
Frå skepsis til gode vanar
«Vekta var for høg og formen var dårleg. Gjennom enkle endringar i kosthaldet, jamlege gåturar og styrketrening har eg redusert vekta med 15 prosent. Opplegget har vore utruleg lett å tilpasse kvardagen, og eg har fått betre kondisjon og mykje betre sjølvkjensle.»
John Rune
Betre form og 15 % vektnedgang
«Eg ønskte å gå ned i vekt, men kjende at eg ikkje fekk det til sjølv. Eg hadde daglege knesmerter og fekk anbefalt å bruke smertestillande medisiner fast. Med ein tilpassa kostholdsplan og korte, jamnlege gåturar har vekta gått frå 105 til 82 kg. No er kvardagssmertene vekk og eg slepp å bruke smertestillande fast. Forma er betre enn ho har vore på mange år.»
Oddvin
Frå daglege kneplagar til ein lettare kvardag